Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 5 oppslagsord

somtid

adverb

Opphav

av som (1

Tyding og bruk

ein og annan gongen, somme tider, stundom

frå 1, ifrå

preposisjon

Opphav

norrønt frá, ífrá; same opphav som fram

Tyding og bruk

  1. brukt for å gje utgangspunkt ved stad eller rom;
    med utgangspunkt i
    Døme
    • reise frå Bodø;
    • trafikken frå fjellet;
    • kome frå jobb;
    • samle seg frå alle kantar;
    • frå kontoret ser eg heile byen
    • brukt som adverb
      • sparke frå;
      • båten driv frå
  2. ved (måling av) utgangspunktet for strekning, område, storleik, intervall
    Døme
    • frå Lindesnes til Nordkapp;
    • frå ende til annan;
    • frå topp til tå;
    • frå hand til munn;
    • 20 m frå huset;
    • prisar frå 10 kr og oppover;
    • frå dei eldste til dei yngste
  3. ved utgangspunktet for tid
    Døme
    • frå 1. mai til 1. juli;
    • frå gammalt av;
    • frå da av tok eg heller bussen enn å gå;
    • frå først til sist;
    • frå først av var det slik;
    • frå æve til æve
  4. ved utvikling, endring
    Døme
    • vekse frå gut til mann;
    • frå det kjende til det ukjende
  5. med opphav, årsak, grunnlag eller kjelde i
    Døme
    • vere frå landet;
    • stamme frå apane;
    • funn frå Egypt;
    • boka hennar frå 1959;
    • snøen frå i fjor;
    • helse frå nokon;
    • ordre frå høgaste hald;
    • arve frå ein onkel;
    • få hjelp frå vener;
    • høyre sladder frå nokon;
    • blø frå såret;
    • snakke frå levra;
    • fritt omsett frå tysk
    • brukt som adverb
      • ein kan lure kvar dette kjem frå
  6. med fjerning, åtskiljing, skilje eller avstand i høve til
    Døme
    • reise frå gard og grunn;
    • han reiste seg frå stolen;
    • rømme frå fengselet;
    • vere borte frå arbeidet;
    • setje frå seg nøklane;
    • bordet står noko frå veggen;
    • halde nokon frå å gjere noko;
    • ta ei klokke frå kvarandre;
    • vere skild frå nokon;
    • seie frå seg retten;
    • kople av frå maset;
    • sovne frå lyset
    • brukt som adverb
      • dei skadelidne må melde frå;
      • denne summen skal du trekkje frå

Faste uttrykk

  • falle frå
    • døy
    • forlate, svikte;
      slutte
  • frå eller til
    utan stor skilnad i den eine eller andre retninga
    • vi kan ikkje gjere stort frå eller til
  • frå seg
    ukontrollert, styrlaus, galen; i uvit
    • dei vart frå seg av sinne
  • frå tid til anna
    somtid, av og til
    • slike ting skjer frå tid til anna
  • frå vitet
    utan evne til å tenkje eller handle rasjonelt
    • støyen kunne få kven som helst til å gå frå vitet
  • frå … til …
    brukt til å syne spenn i tid, omfang eller anna
    • utstillinga er open frå laurdag til måndag;
    • isen er frå ti til tjue cm tjukk
  • gå ut frå
    byggje på, rekne med (noko)
    • gå ut frå at alt er rett
  • til og frå
    fram og tilbake
  • til skilnad frå
    ulikt, i motsetnad til
    • til skilnad frå foreldra bryr ikkje dei unge seg om å kjøpe hus
  • til å kome frå
    brukt for å uttrykkje at ein ikkje kan unngå noko
    • det er ikkje til å kome frå at språk kan vere vanskeleg
  • vekse frå
    bli for stor for
    • slikt hadde dei vakse frå

hoggorm

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

  1. giftorm med grå til brun (somtid nesten svart) farge, eit mørkt sikksakkband etter ryggen og med lengd opptil 80 cm;
    Vipera berus
  2. i fleirtal: familie av giftige ormar;
    Viperidae

frå tid til anna

Tyding og bruk

somtid, av og til;
Sjå: frå
Døme
  • slike ting skjer frå tid til anna

med kvart

adverb

Tyding og bruk

  1. av og til, no og da, somtid
    Døme
    • ungane slåst med kvart;
    • med kvart hugsar eg det, og med kvart ikkje
  2. etter kvart
    Døme
    • dagslyset døyr bort med kvart